Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Accompong

Accompong
busetnad
Land  Jamaica
Fylke Saint Elizabeth Parish
Kart
Accompong
18°14′00″N 77°45′00″W / 18.233333333333°N 77.75°W / 18.233333333333; -77.75
Wikimedia Commons: Accompong

Accompong (frå akan-personnamnet Acheampong) er ein historisk maroon-landsby i åsane i Saint Elizabeth ParishJamaica.

Landsbyen ligg i Cockpit Country, der terrenget gjorde at maroonane og dei innfødde tainofolka kunne danna eit festningsverk på 1600-talet. Dei forsvarte det for å oppretthalda sjølvstende frå dei spanske og seinare dei engelske kolonistyresmaktene på Jamaica.

Busetnaden fekk namnet Accompong etter ein tidleg maroonleiar. Denne Accompong skal ha vore bror av Quao, Cuffy, Cudjoe og Nanny, andre leiarar og busetnadgrunnleggjarar.[1]

Maroonane fekk sjølvstende og eigedomsrettar anerkjende av kolonistyresmaktene gjennom traktatar i 1739, og den 6. januar kvart år blir det halde ein seremoni i Accompong til minne om underskrivinga av traktaten som danna grunnlaget for busetjinga.[1]

  1. 1,0 1,1 "Accompong", Jamaica National Heritage Trust.

Previous Page Next Page






Accompong English اکومپانگ FA アコンポン Japanese Akompong JAM Accompong Polish

Responsive image

Responsive image