Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Aga-lys

Aga-lys nær Djurgården i Stockholm.

Aga-lys er belysning ved hjelp av acetylen (C2H2), produsert av den svenske gassprodusenten AGA AB. Acetylen vert fylt på stålflasker som inneheld aceton og ein porøs masse, Aga-masse, som består av mellom anna karbon, sement, asbest og kiselgur. Føremålet med massen er å dele volumet til flaska inn i mange små volum, sørgje for jamn fordeling av aceton og hindre, eller eventuelt stogge, ei acetylenspalting. På ei acetylenflaske vil acetylenet liggje laust i acetonet, og ei 40 liter stor gassflaske inneheld kring 7000 liter gass ved 15 °C og trykk 18 bar.

Aga-lyset vart utvikla av den svenske fysikaren og oppfinnaren Gustaf Dalén. Det vart mykje nytta, mellom anna som fyrlys. Aga-fyr og Aga-lanterner fanst i mange storleikar og variantar, og var basert på fleire av patenta til Dalén, mellom anna solventil og klippapparat. I Noreg er gass i fyrlysa no erstatta med elektrisk straum. Det siste Aga-lyset i fyrtenesta vart skifta ut i 1997.


Previous Page Next Page






إضاءة دالين Arabic AGA-fyr Danish Dalén light English Luce di Dalén Italian AGA-fyr Swedish

Responsive image

Responsive image