Al-Musayfirah | |||
المسيفرة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa | ||
Distrikt | Daraa | ||
Nahiyah | Al-Musayfirah | ||
Høgd | 550 moh. | ||
Koordinatar | 32°37′56″N 36°20′19″E / 32.6322°N 36.3386°E | ||
Folketal | 10 466 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Al-Musayfirah 32°37′56″N 36°20′19″E / 32.6322°N 36.3386°E | |||
Kart som viser Al-Musayfirah.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Musayfirah |
Al-Musayfirah (arabisk المسيفرة, òg skrive Mseifreh eller Musayfra) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, som ligg aust for Daraa og 37 kilometer søraust for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kahil i sørvest, al-Jiza i sør, al-Sahwah i søraust, 'Ara i aust, Umm Walad i nordaust, al-Karak i nord, al-Ghariyah al-Sharqiyah i nordvest og Saida i vest. Al-Musayfirah har eit areal på 7,05 hektar.[2] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå har al-Musayfirah eit folketal på 10 466 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Musayfirah nahiyah («underdistrikt») som består av fire stader med eit samla folketal på 32 473 i 2004.[1] I nyare tid har folketalet vorte estimert til kring 13 600 i 2009.[2] Den største familien er al-Zu'bi-klanen (al-Zoubi).[3]
Al-Musayfirah tente som senter for Sufi-ordenen al-Qadiriyyah i den osmanske og franske tida. Byen er kjend for det store slaget mellom den franske hæren og drusar-opprørarar under det store syriske opprøret i september 1925. Dei fleste innbyggjarane vart tvungen ut eller drepne av dei franske styrkane anten før eller under slaget.
Byen er i stor grad avhengig av pengar sende frå familiemedlemmar som arbeider i Gulfstatane. Desse utvandrarane har fått bygd fleire offentlege plassar og bygg i byen. Jordbruk er hovudnæringa og oliven er den viktigaste avlinga. Kveite, bygg og forskjellige grønsaker vert òg dyrka. Klimaet er generelt moderat med milde vintrar og særs varme somrar.