Boreal er nemninga på ein del av den tempererte sona på den nordlege halvkula. Den boreale regionen vert kjenneteikna av barskog og tundra og dekker kring 15 % av landarealet på jorda. Regionen omfattar nordre delar av Russland og Europa, Canada og Alaska. Området har dei største landbaserte kolreservoara i verda.
Definisjonen på den boreal region er at gjennomsnittstemperaturen i juli skal overstige 10°C og at vekstsesongen skal vere kortare enn 100 dagar.
Ordet «boreal» tyder nordleg eller arktisk og vert brukt i ulike vitskaplege samanhengar (må ikkje vekslast med arktisk klima). Ordet kjem frå det latinske borealis med same tyding og opphav frå det greske Boréas, som tyder nordavind. Ordet finst i kong Bore. Veksten linnéa har det vitskaplege namnet Linnaea borealis, og nordlys kan også kallast aurora borealis.
Sirkumboreal er ei nemning på utbreiingsområde av artar. Ei organisme er sirkumboreal om utbreiingsområdet er meir eller mindre samanhengande rundt den boreale sonen.