Farsund | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Farsund | ||
Areal | 3,05 km² | ||
Folketal | 3 472 (2023) | ||
Folketettleik | 1 138 / km² | ||
Postnummer | 4550 FARSUND | ||
Innbyggjarnamn | farsundar | ||
Preposisjon | i Farsund | ||
![]() Farsund 58°05′41″N 6°48′17″E / 58.09479°N 6.80468°E | |||
Wikimedia Commons: Farsund (town) |
Farsund er ein by og administrasjonssenteret i Farsund kommune i Agder fylke. Tettstaden ligg på vestsida av sundet som fører inn til Lyngdalsfjorden, og på øyane i sundet: Engøy, Farøy og Gåseholmen, alle med brusamband. Namnet på tettstaden kjem frå sundet mellom Farøy og Spindsodden.[1] Farsund har 3 472 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Farsund voks fram ved skipsleia langs Farøya lengst nord på Listalandet, og vart ein veksande handelsstad med kjøpstadsrett frå 1849. Byen er sterkt prega av Lund-slekta, som og har æra for å ha grunnlagt han. Mange av dei mest kjende bysborna frå Farsund er knytt til denne familien, mellom dei Eilert Sundt.
Mot slutten av 1700-talet voks Farsund fram som ein handels- og sjøfartsby som var godt kjend ute i resten av verda. Mykje av æra for Farsunds framgang på den tida hadde Jochum Brinch Lund. Lund vert rekna som grunnleggjaren av Farsund. Lund budde i bygget der Nordea Bank i dag held til. Dei fire trea han hadde i hagen finn ein att i byvåpenet.
Farsund er framleis rekna som sjøfartsby, og fleire reiarlag er etablert her. Farsund er eit viktig handels- og servicesenter, og her kjem Farsunds Avis ut. I sentrum står Frelserens kirke, ei langkyrkje i stein frå 1785.[2]