Frysebil eller kjølebil er ein skapbil med fryse/kjøleaggregat. Slike bilar vert nytta til transport av kjøtt, fisk og andre matvarer. Fiskeoppdrettsnæringa i Noreg transporterer mykje laks til det europeiske kontinentet i frysebilar. Det er viktig at kjøle/fryseaggregatet er driftssikkert for at lasta ikkje skal verta øydelagt.