Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Grassholm

Grassholm dekt av havsuler.

Grassholm (walisisk Gwales eller Ynys Gwales) er ei lita folketom øy om lag 13 km sørvest for kysten av Pembrokeshire i Wales, vest for Skomer. Ho er det vestlegaste punktet i Wales og er kjend som fuglefjell for ein stor havsulekoloni. Grassholm har sidan 1947 vore eigd av Royal Society for the Protection of Birds og er eit av dei eldste reservata deira.

Grassholm nasjonale naturreservat er den tredje viktigaste hekkestaden for havsule i verda. Her hekkar titusenvis av fuglar og dette er om lag 12 % av heile bestanden i verda. Det turbulente havet utanfor Grassholm er òg ein god fòrplass for nise og delfin.

Øya har vorte identifisert som Gwales, ei øy nemnd i Mabinogion. I Den andre greina av Mabinogi står det eit flott slott på Gwales, der det avhogde hovudet til Bran den heilage vart halde i live i 80 år.[1][2]

  1. The Mabinogi of Branwen. From mabinogi.net. Henta 27. mars 2010
  2. The Mabinogion Branwen the Daughter of Llyr, omsett av Lady Charlotte Guest. På nett på www.sacred-texts.com.

Previous Page Next Page






Grassholm Island CEB Gwales CY Grassholm German Grassholm English Grassholm EO Grassholm French Grassholm (Galles) Italian Ynys Gwales OLO Grassholm Island Swedish 格拉斯霍姆岛 Chinese

Responsive image

Responsive image