Eit gyrometer er eit instrument for måling av omlaupssnøggleiken (turtalet) til eit hjul. Ein enkel type er væskegyrometeret. Det består av ein vertikalt stilt røyrforma glasbehaldar fylt med ei væske og montert på ein vertikal hjulakse. Når aksen med behaldaren roterer, blir væska slengd utover og opp langs innsida av glasbehaldaren. Omlaupssnøggleiken kan avlesast ved at ein ser kor mykje væska er sokken i midten i tilhøve til ein skala på glasbehaldaren.
Gradenwitz' væskeanemometer er eit gyrometer som er sett i samband med ein vindmålar for å måle vindstyrke.