Hagefestival eller hagemesse er ein type festival eller handelsmesse som er vigd hagebruk, hagedesign, landskapsutforming og landskapsarkitektur. Det finst lokale regionale, nasjonale og internasjonale hagefestivalar. Den fyrste nasjonale hagefestivalen var truleg den tyske Bundesgartenschau, som fyrst blei halden i 1951. Storbritannia hadde fem nasjonale hagefestivalar i tida 1984–1992.
Bureau International des Expositions (BIE), som blei skipa i 1928, godkjenner offisielle internasjonale utstillingar. Hagebruksmesser kan også godkjennast av International Association of Horticultural Producers (IAHP/AIPH). Ein hagefestival kan rekanst som nasjnal om han er anerkjend av dei nasjonale styresmaktene.
Det finst ei rekkje ulike typar hagefestivalar, både årvisse og eingongshendingar, og av ulik storleik. Ein av dei best kjende er Den internasjonale hagefestivalen (Festival international des jardins/Internasjonal Garden Festival) som blir halden på ein permanent stad ved Chaumont-sur-Loire i Frankrike. Denne festivalen er blitt halden sidan 1992,[1] men er ikkje offisielt anerkjend av BIE. Andre hagefestivalar kan innehalda hagedesign men kalla seg sjølv blomeutstillingar eller flower shows, som Chelsea Flower Show, som er blitt halde i London sidan 1912. I 2012 blei også Chelsea Fringe halde i samband med utstillinga, med vekt på uvanlege hagar og hagebruk i London.