Hammerfest | |||
By | |||
Hammerfest
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Hammerfest | ||
Areal | 3,02 km² | ||
Folketal | 7 882 (2023) | ||
Folketettleik | 2 610 / km² | ||
Postnummer | 9600 HAMMERFEST | ||
Innbyggjarnamn | hammerfesting | ||
Preposisjon | i Hammerfest | ||
Ferdselsårer | Hurtigruta Hammerfest lufthavn | ||
Hammerfest kommune 70°39′48″N 23°40′56″E / 70.66336°N 23.68209°E | |||
Wikimedia Commons: Hammerfest (town) |
Hammerfest (tidlegare òg Hamarfest på nynorsk) er ein by i Hammerfest kommune, nordvest i Finnmark fylke. Byen ligg på vestsida av Kvaløya. Folketalet er om lag 6800, noko som utgjer om lag 70 % av folketalet i kommunen. Hammerfest er ein av dei nordlegaste byane i verda.
Byen har ei isfri hamn. På Melkøya, rett utanfor Hammerfest, ligg landanlegget som behandlar og kjøler ned gassen frå Snøkvitfeltet. Anlegget blei sett i gang hausten 2007. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struvemeridianen.