Hochrhein (tysk for 'Høg-Rhinen') er eit namn nytta om den delen av Rhinen som renn vestover frå Bodensjøen til Basel.
Hochrhein starta der Rhinen renn ut frå Untersee i Stein am Rhein og svingar inn i Oberrhein («Øvre Rhinen») i Basel. I motsetnad til Alpenrhein (Alperhinen) og Oberrhein, renn Hochrein hovudsakleg vestover. Han er den første av fire delar (Hochrhein, Oberrhein, Mittelrhein og Niederrhein) av Rhinen mellom Bodensjøen og Nordsjøen. I Sveits syner liknande namn til andre delar. I den vestlege delen markerer Rhinen grensa mellom Tyskland og Sveits, medan han i aust ligg heilt innanfor grensene til Sveits og omringar den tyske eksklaven Büsingen.
Namnet Hochrhein vart innført av forskarar på 1800-talet. Geologar prøvde å skilje Hochrein frå Oberrhein. Fram til 1800-talet vart han òg kalla «Badisch-sveitsisk Rhinen».[1]
Rhinfossane, som er dei største slettefossane i Europa, ligg i kommunane Neuhausen am Rheinfall og Laufen-Uhwiesen, nær byen Schaffhausen. Dei er 150 m breie og 23 meter høge. Om vinteren er middelvassføringa i fossen 250 m³/s, medan det om sommaren aukar til 600 m³/s.