59°49′58.328″N 10°46′23.560″E / 59.83286889°N 10.77321111°E
Hvervenbukta er ei bukt i Bunnefjorden, som er den sørgåande armen av Oslofjorden aust for Nesodden. Hvervenbukta er dessutan namnet på ei mykje nytta badestrand i denne bukta, som ligg mellom Ljanskollen og Kruttmølleåsen, på grensa mellom Oslo kommune og Oppegård kommune.
Bukta ligg rett ved det gamle Ljansgodset, og portnarbustaden til godset er i dag nytta som utstillingslokale rett ved.
Det er ein tursti forbi det kvite lysthuset som bind Hvervenbukta med Fiskevollbukta og Ljanskollen.