Idafjellet, «gudinnefjellet», er i gresk mytologi to heilage fjell med same namn: Idafjellet på Kreta som i dag helst blir kalla for Psilorítis, og Idafjellet i oldtidsregionen Troas i nordvestlege Anatolia (i dagens Tyrkia). Sistnemnde var også kjent som «Frygiske Ida» i antikken ved at det låg i Frygia og for å skilja det frå fjellet på Kreta. Dette fjellet er omtalt i Iliaden til Homer og Æneiden av Vergil. Begge fjell er knytte til modergudinna i dei djupaste laga av urgreske mytar. Idafjellet i Anatolia var heilagt for Kybele, som stundom blei kalla for Mater Idea («Idaiske mor»),[1] medan Rhea (som ofte vart identifisert med Kybele) gav Zevs som spedbarn til oppfostring hjå Amaltheia ved Idafjellet på Kreta. Deretter var denne staden heilag også for Zevs, som var guden over alle gudar i gresk mytologi.[2]