Javindo | ||
Klassifisering: | Kreolspråk Nederlandske kreolspråk | |
Bruk | ||
Utdøydd: | Truleg utdøydd, kanskje «nokre få» talarar (2007)[1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | jvd | |
Glottolog: | javi1237
|
Javindo, òg kjend under det meir nedsetjande namnet krontjong, var eit kreolspråk som vart brukt på øya Java i Indonesia. Namnet til språket er eit teleskopord, samansett av Java og det nederlandske ordet indo som viser til ein person med både indonesiske og nederlandske forfedrar. Javindo var relatert til petjo, men grammatikken i javindo var basert på javansk.