Juleoratorium (tysk Weihnachtsoratorium) er namnet på eit sakralt musikkverk som fortel den bibelske soga om Jesu fødsel (Luk. 2, Matt. 2) i form av eit oratorium. Juleoratoriet oppstod innan protestantisk kyrkjemusikk på 1600-talet, og mest kjent er Bachs juleoratorium (ofte berre kalla «juleoratoriet») frå 1734-1735.
Dei første oratoria heldt seg til evangelietekstane. Etter kvart vart dramatiske element meir tydelege, og det musikalske formspråket vart rikere.
Ved sida av Bachs juleoratorium finst det juleoratorium skrivne av bl.a.: