Kommuneplan er ein viktig del av kommunanes planlegging i Noreg. Han har heimel i plan- og bygningsloven som den samla overordna planen for kommunen. Han skal vise hovudtrekk i framtidig utvikling av kommunesamfunnet, og gjev rammer for både offentleg og privat verksemd. Vidare planlegging og tiltak skal rette seg etter han. Historisk blei plantypen introdusert i Noreg som generalplan med bygningsloven av 1965. Dei fleste andre land har ein liknande plantype som omfattar heile kommunens areal, for eksempel kommuneplan i Danmark, generalplan i Finland og översiktsplan i Sverige.