Koppang | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Stor-Elvdal | ||
Areal | 2,02 km² | ||
Folketal | 1 018 (2023) | ||
Folketettleik | 504 / km² | ||
Postnummer | 2480 KOPPANG | ||
Preposisjon | på Koppang | ||
Koppang 61°34′17″N 11°02′48″E / 61.57138889°N 11.04666667°E | |||
Wikimedia Commons: Koppang |
Koppang er administrasjonssenter i Stor-Elvdal kommune i Innlandet. Tettstaden har 1 018 innbyggjarar per 1. januar 2023, og ligg ved Glåma i Østerdalen. Frå Koppang er det kring ni mil sør til Elverum.
På Koppang er det daglegvarebutikkar, bensinstasjon, serveringsstader, hotel, bank, bilverkstad, sjukeheim, aldersheim og bibliotek. Her ligg òg Koppang stasjon på Rørosbanen, Flerbrukshallen Storstua med mellom anna kommunal kino, fotballbane, Koppang småkirke, Stor-Elvdal ungdomsskole med kommunal symjehall, barneskulen Koppang skole og Midt-Østerdal videregående skole Koppang.
Kaupangrmart'n vert arrangert på Koppang i juli kvart år.