Kostjonki Костёнки | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Fylke | Voronezj oblast | ||
Folketal | 1 438 (2010) | ||
Kostjonki 51°23′40″N 39°02′48″E / 51.394444444444°N 39.046666666667°E |
Kostenki er ein landsby i Voronezj oblast vest i Russland. Han er kjend for ei rekke funn etter moderne menneske frå eldre steinalder.
Nokre funn er dekte av eit oskelag frå vulkanutbrot i campanium for rundt 40 000 år sidan, slik at staden må ha vore busett før dette. Like over oskelaget blei nokre av dei eldste synålene vi kjenner funne.