Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Litlos

Litlos

Litlos påska 2013.
Kart
Litlos
60°04′15″N 7°11′59″E / 60.070833°N 7.199722°E / 60.070833; 7.199722

Litlos er ei turisthytte som ligg nord for LitlosvatnHardangervidda, i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Hytta ligg om lag 1180 moh., og er eigd av Den Norske Turistforening. Litlos er som regel betjent rundt påske, og i sommarsesongen. Resten av året er ho sjølvbetjent.

Litlos er ein gamal støl for gardane Meland og Brattespe på austsida av Sørfjorden i Ullensvang. Det vart bygt DNT-hytte her i 1922. I 1927 vart hytta betjent, og i 1969 vart hytta utvida og påbygt. Noverande styrar er Jarle Viskjer frå Skare i Odda.

Den lettaste måten å koma seg til Litlos på er å køyra frå Røldal inn Valldalen til Middalsbu. Derifrå er det om lag 7 timar å gå til Litlos.

Frå Litlos er det mogleg å gå til både Hellevassbu, Tyssevassbu, Sandhaug, Besso, Hadlaskard og Torehytta.


Previous Page Next Page






Litlos Dutch Litlos NB

Responsive image

Responsive image