Manovar er ei skipsnemning danna som ein norsk variant av engelske man-of-war. Det blei brukt av Henrik Ibsen i diktet Terje Vigen (1861).[1] Man-of-war viste til store krigsskip i seglskutetida. Nemninga blei mest brukt om skip med to eller flere kanondekk.[2]
Ordet er så godt som ute av bruk i denne tydinga, men er tatt i bruk av bandet Manowar. Elles er det vanlege namnet på maneten portugisisk krigsskip på engelsk portuguese mano'war.
«Man o'War» (1917–1947) var namnet på ein berømt amerikansk fullblods galopphest i mellomkrigstida.[3]