Matchbox Singel av Carl Perkins frå albumet Dance Album of Carl Perkins | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1957 | |
Innspelt | 4. desember 1956, Memphis Recording Service i Memphis i Tennessee[1] | |
Sjanger | Rockabilly | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Sun (no. 261) | |
Komponist | Carl Perkins | |
Tekstforfattar | Carl Perkins | |
Låtskrivar(ar) | Carl Perkins | |
Produsent | Sam Phillips |
«Matchbox» er ein rockabillysong spelt inn av Carl Perkins i desember 1956. Han deler noko tekst med bluessongar frå 1920-åra av Ma Rainey og Blind Lemon Jefferson. Sam Phillips og Sun Records gav ut songen som B-side til «Your True Love». Sjølv om berre A-sida vart ein hit i 1957, er «Matchbox» ein av dei mest kjende songane til Perkins. Mange andre artistar har spelt songen, inkludert The Beatles.