Maybellene Singel av Chuck Berry | ||
B-side |
«Wee Wee Hours» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juli 1955 | |
Innspelt | 21. mai 1955 Chess Records, Chicago | |
Sjanger | Rock and Roll | |
Lengd | 2:22 | |
Selskap | Chess 1604 | |
Produsent | Leonard Chess | |
Chuck Berry-kronologi | ||
-- | Maybellene | «Thirty Days» (1955)
|
«Maybellene» er ein song av Chuck Berry som fortel ei soge om eit hot rod-løp og eit øydelagd kjærleiksforhold. Han vart gjeven ut på singel i juli 1955 på Chess Records frå Chicago.[1] Dette var den første singelen Berry gav ut og den første hitten hans. «Maybellene» er rekna som ein av pioner-songane innan rock and roll og musikkmagasinet Rolling Stone har sagt at «rock and roll-gitar starta her»[2]
I 1955 gjekk songen til femteplass på Billboard-lista og til førsteplass på R&B-lista i USA. Berry var den første afroamerikanske artisten som nådde Topp 10 i USA med ein rock and roll-singel.[3]
Tittelen vert ofte feilskriven som «Maybelline», sjølv på nokre av Berry sine eigne CD-samlingar.