Mbum Mbum | ||
Klassifisering | Nigerkongo Atlantisk-Kongo Volta-Kongo Nordleg Adambwa-ubangi Mbum-day | |
Bruk | ||
Tala i | Kamerun, Den sentralafrikanske republikken | |
Mbumtalande i alt | 51 260 [1] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | mdd |
Mbum-språket er eit niger-kongospråk som blir tala i Kamerun og Den sentralafrikanske republikken, av høvesvis 38 600 (1982) og 12 500 menneske (1996).[2] I Kamerun blir det tala i regionane Adamaoua og Nord, i Den sentralafrikanske republikken i subprefekturet Bocaranga, langs grensa mot Kamerun. Mbum var tidlegare eit viktig lingua franca i Adamaoua, men denne rolla har etter kvart til overteke av fulfulde. Kamerun-misjonærar tilknytte Det Norske Misjonsselskap lærde mbum fram til om lag 1960.
Mbum blei fyrst granska då misjonærar frå Det Norske Misjonsselskap kom til Adamaoua i 1925; jamfør avsnittet Litteratur om mbum nedanfor. Misjonærane utvikla ei rettskriving for språket og gav i 1965 ut Det nye testamentet og Salmane på mbum; jamfør avsnittet Litteratur på mbum nedanfor.