Medietilsynet

Medietilsynet er ein statleg etat under Kulturdepartementet. Etaten vart oppretta 1. januar 2005 ved ei samanslåing av dei tidlegare etatane Eigarskapstilsynet, Statens filmtilsyn og Statens medieforvalting. Medietilsynet vart samlokalisert i Fredrikstad 20. mars 2006. Den første direktøren til etaten er Tom Thoresen.

Medietilsynet fører tilsyn med kringkasting (allmennkringkastingsvilkåra, reklame og sponsing og vern av barn og unge) og er konsesjons- og registreringsmynde for lokalkringkasting og anna type kringkasting. Etaten har tilsyn med marknads- og eigartilhøve i dagspresse og kringkasting, og handterer òg ulike tilskottsordningar. Medietilsynet set aldergrense på film som skal visast i næring med heimel i lov om film og videogram. I tillegg registrerer tilsynet videogram som skal omsetjast i næring. Medietilsynets Trygg bruk-prosjekt jobbar for trygg bruk av digitale medium for barn, og har ei nasjonalt koordinerande rolle. Medietilsynet Trygg bruk samarbeider med seks departement, og er del av eit større EU-prosjekt.

Medietilsynet står òg som medegar i Norsk Opplagskontroll, selskapet som har ansvar for kontroll av opplagstalet til avisene. Desse tala ligg til grunn ved fordeling av pressestøtta.


Medietilsynet

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne