Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Norad

Norad

Hydrobygget
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.971277882
Skipa1968
MorselskapUtanriksdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg[1]
Dagleg leiarRudolf Kristian Andresen, Arne Arnesen, Borger A. Lenth, Nils Vogt, Per Øystein Grimstad, Tove Strand, Poul Engberg-Pedersen, Villa Kulild, Jon Lomøy,[2] Bård Vegar Solhjell[3]
Tilsette230 (2014)[4]
Nettstadhttps://www.norad.no/ (norsk)

Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad)[5][6] er eit norsk statleg direktorat for utviklingssamarbeid. Direktoratet er ein fagetat som ligg under Utanriksdepartementet.[5] I saker som gjeld norsk klima- og skogsatsing, er Norad underlagt Klima- og miljødepartementet. Norad gjev faglege råd til dei som yter bistand og sørgjer for kvalitetssikring og evaluering av norsk bistand, og å kommunisera resultata til den norske allmugen. Norad forvaltar statlege middel som vert kanaliserte gjennom norske frivillige organisasjonar, internasjonale organisasjonar, forsking og næringsliv for utviklingsføremål.

I 2014 gav Noreg 31,7 milliardar norske kroner i bistand. Det utgjorde 0,99 prosent av Noregs bruttonasjonalinntekt. Afghanistan var då det landet som fekk mest norsk bistand. Noreg og fire andre medlemsland i OECD sin utviklingskomité oppfylte i 2014 SN sitt mål om å bruka minst 0,7 prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) på bistand.[7]

  1. Norsk senter for forskningsdata, Forvaltningsdatabasen ID 4802, Wikidata Q7061260 
  2. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsradet-25.-september-2015/id2454058/.
  3. https://www.norad.no/aktuelt/nyheter/2019/ny-direktor-i-norad-fra-2020/.
  4. Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase
  5. 5,0 5,1 «Fagetaten Norad». Henta 2. oktober 2018. 
  6. «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene», w2.brreg.no, henta 20. desember 2024 
  7. «Fortsatt høyt nivå på bistanden», Norad (på norsk), henta 20. desember 2024 

Previous Page Next Page