Pada-puja eller fot-rituale ved kjempestatuen av djain-leiaren Bahubali i Gommateshwara.
Pada er eit ord frå sanskrit som bokstaveleg tyder 'fot'.[1] Sanskritordet padá (devanagari पद) har kognatar i greskpous og latinpes. Omgrepet har fått ei rekkje avleidde tydingar, som trinn, fotavtrykk, spor, merke, versefot, oppdeling, måleining og andre omgrep innan språk, litteratur og religion.
Døme:
Pada kan visa til ein måte å lesa Veda-tekstar på der ein innfører klare skilje mellom orda, og ikkje bruker vanlege sandhiovergangar.[2]
Pada kan visa til eit lyrisk dikt sett til musikk, ofte nemnd saman med songtypen bhajan.[2]
Som måleining utgjer ein pada 12 eller 15 fingerbreidder, eller 1/2 eller 1/3 eller 3/7 av ein prakrama.