Rammestyring

Rammestyring.

Rammestyring (eller midjestyrning) betyr at køyretøyet er «ledda» på midten, slik at framdelen og bakdelen kan vinklast i høve til kvarandre, ved hjelp av hydrauliske sylindrar. Ved å plassera leddet midt mellom akslane oppnår ein at hjula på same side sporar når maskina svingar. Dette resulterer i eit lettmanøvrert køyretøy med liten svingradius. Ein treng heller ikkje differensial mellom fram og bakaksel, ettersom hjula på same side tilbakelegg same veglengd.

Rammestyrt hjullastar.

Rammestyrte maskiner har enten pendlande fram- eller bakaksel, eller dei to delane roterer i høve til kvarandre. Ei ulempe med rammestyring er at tyngdepunktet forskyv seg når maskina svingar, slik at stabiliteten vert dårlegare.

Rammestyring vert mellom anna nytta på skogsmaskinar, anleggsmaskinar, og nokre beltevogner. Nokre store landbrukstraktorar er òg rammestyrte. Ved køyring i vanskeleg terreng kan rammestyringa nyttast til å «vri» maskina laus om ho køyrer seg fast.

Kirovetz (russisk Кировец) K 700 rammestyrt landbrukstraktor.

Rammestyring

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne