Re·ac·tor Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. november 1981 | |
Innspelt | 9. oktober 1980 – 21. juli 1981 | |
Studio | Modern Recorders, Redwood City, California | |
Sjanger | Hardrock, new wave | |
Lengd | 39:06 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Neil Young, Tim Mulligan, David Briggs, Jerry Napier | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Hawks & Doves (1980) |
Re·ac·tor | Trans (1982)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Pitchfork | (6.8/10)[2] |
The Village Voice | B+[3] |
Re-ac-tor er eit studioalbum av Neil Young og Crazy Horse, som kom ut i 1981. Albumet blandar den elektriske gitarstilen som Crazy Horse var kjend for mot slutten av 70-åra med tidleg 80-tals New Wave-rytmar. Den enkle, overdrivne lyden på songane er eit framhald av dei punkrock-aktige songane på Rust Never Sleeps, som «Sedan Delivery».
Albumet fekk dårleg kritikk, bortsett frå det siste sporet på albumet, «Shots». Albumet var det første der Neil Young nytta Synclavier, som han skulle nytte mykje på dei seinare albuma Trans (1982) og Landing on Water (1986).
Albumet kom ikkje ut på CD før det vart gjeve ut på HDCD i 2003.