Rinderhorn | |||
fjell | |||
Utsyn frå Stockhorn mot Balmhorn, Altels og til høgre Rinderhorn
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Valais | ||
Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
Høgd | 3 448 moh. | ||
Primærfaktor | 412 m ↓ mot Balmhorn | ||
Koordinatar | 46°24′48.8″N 7°39′12.6″E / 46.413556°N 7.653500°E | ||
Førstestiging | |||
• dato | 6. september 1854 | ||
Rinderhorn 46°24′49″N 7°39′13″E / 46.413555555556°N 7.6535°E | |||
Kart som viser Rinderhorn.
| |||
Wikimedia Commons: Rinderhorn |
Rinderhorn er eit 3 448 høgt fjell i Bern-Alpane i kantonen Valais i Sveits. Fjellet reiser seg mellom Kandersteg i nord og Leukerbad i sør. Fjellet ligg på same fjellryggen som den høgre toppen Balmhorn, mellom dei to toppane strekker Zackengrat seg. Fjelltoppen Altels ligg nordaust Rinderhorn, med Schwarzgletscher mellom seg. Vest for Rinderhorn ligg Gemmi-skaret, dernest kjem fjella i Wildstrubelgruppa. 3 003 meter høge Chli Rinderhorn ligg nord for hovudtoppen, skild frå denne av Rindersattel. På sørsida av Rinderhorn er det bratte svad.
Fjelltoppen vert klatra både om sommaren og om vinteren.