Ringdans er ein kollektiv dans der ei gruppe dansarar dannar ein ring, halvring eller bøygd linje og dansar til musikalsk akkompagnement. Han kan dansast av alle utan at ein treng danna par. Til skilnad frå i linjedans held dansarane i kvarandre ved å halda kvarandre i hendene eller fingrane, ha armane på skuldrene til kvarandre eller liknande. Dansane kan vera svært enkle ved at ein går rundt i ring, eller ha meir kompliserte trinn. Dei kan vera rolege eller ville, og kan til dømes vera del av ei markering eller ei form for meditasjon.
Ringdans er ein eldgammal dansetradisjon som finst i mange kulturar og blir utført ved spesielle høve, seremoniar, ritual og sosialt samvær. Ein kan dansa dei til ei rekkje ulike musikksjangrar og rytmar. Moderne ringdansar kan nytta ulike tradisjonelle folkedansar, særleg frå Europa og Det nære Austen, med nyleg utforma koreografiar til gammal og ny musikk. Det finst også eit aukande repertoar av nye ringdansar til klassisk musikk og moderne popsongar.[1]