Rottneros

Rottneros
busetnad
Land  Sverige
Areal 132 km²
Folketal 393 (31. desember 2023)
Kart
Rottneros
59°47′34″N 13°06′44″E / 59.792833524589°N 13.112352156325°E / 59.792833524589; 13.112352156325
Wikimedia Commons: Rottneros

Rottneros er ein svensk tettstad i Sunne kommun i Värmlands län i landskapet Värmland. I 2005 hadde tettstaden 444 innbyggjarar. Namnet tyder 'brølande munning' på oldnordisk.

Dei såkalla Rottnerosverken blei opphavleg bygt som jernverk på slutten 1600-talet ved elva Rotna (på svensk Rottnan). Verksemda blei endra til papirproduksjon på slutten av 1800-talet, og i dag er Rottneros AB eit børsnotert konsern med fleire papirfabrikkar. I nærleiken ligg Rottneros jernbanestasjon.

Rottneros herregard.
Foto: Bengt Oberger

Rottneros herregard stod modell for «Ekeby» i Gösta Berlings saga. Lucianatta 1929 blei den gamle herregarden øydelagd i ein valdsam brann. Den dåverande eigaren Svante Påhlsson (1882–1959) bygde opp att herregarden , og anla samstundes Rottneros Park som ein blomster- og skulpturpark rundt herregarden, inspirert av dei store parkane i Europa. I parken finst òg Nils Holgersson sin eventyrpark og ei MC-utstilling.


Rottneros

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne