Rune er eit mannsnamn med nordisk utsprang. Både Rune og den kvinnelege forma Runa er kortformar av eldre namn som byrja med Run-, t.d. Rúnolfr. Run tyder løyndom.
Namnet er kjend som førenamn tilbake til 1390 og truleg i forledd til fleire gardsnamn. Bruken av namnet fekk ein opptur på 1900-talet, og kulminerte rundt 1960. Namnet er framleis vanleg i bruk.