Samekufte

Sametingsgruppa til Norske Samers Riksforbund i kufter.

Samekufte eller berre kufte (nordsamisk gákti, sørsamisk gåptoe, lulesamisk gáppte) er namnet på overdelen på samedrakta. Kufta er grunnplagget i drakta, og ordet blir ofte òg bruka om heile den samiske folkedrakta. I dag er kufter vanlegvis laga av ull med dekorasjonar i ulike fargar og material. Kufta er langerma og har open hals eller er open framme i mannsdrakter, medan ho er lukka i kvinnedrakta. Kvinnekufta er lengre enn mannskufta.

To kuftekledde samiske barn, kanskje frå Sverige, som innvandra til USA først på 1900-talet.
'Ein lapplending' måla av François-Auguste Biard på 1800-talet.
Mannskufte frå Karesuando.
Kvinnekufte ved museum Arktikum i Rovaniemi.

Samekufte

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne