Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Servitutt

Servitutt (frå latin servus: slave, træl) er ein råderett over annan manns eigedom.

Døme på positive servituttar er vegrett og båtfesterett som gir servitutthavaren rett til å bruka eigedomen til h.v. ferdsle og båtfeste.

Negative servituttar går ut på at servitutthavaren kan nekte eigaren å utnytte eigedomen fullt ut, t.d. at eigedomen ikkje skal ha hus over ei viss høgd.

Servituttar vert ofte stifta i samband med at tomter vert fråskilde, for å regulera rettane slik eigaren og servitutthavaren har avtala.

Der partane ikkje har spesifisert servitutten, gjeld Lov um særlege råderettar over framand eigedom (servituttlova) av 29.11.1968. Lova byggjer på tanken om at det skal vere balanse mellom byrda for eigaren og gleda som retten gjev servitutthavaren, slik at dei ikkje krenkjer kvarandre. Vidare skal rettane utøvast i samsvar med tida og tilhøva, noko som kan medføre at servitutten endrar seg utan at partane har har gjort avtale om det.

Spire Denne rettsvitskapsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Previous Page Next Page






حق ارتفاق Arabic Сэрвітут BE-X-OLD Servitut Danish Grunddienstbarkeit German Easement English Servituut ET حق ارتفاق FA Rasite Finnish Servitude (droit foncier) French Éasúint GA

Responsive image

Responsive image