Stakitt er ein gjerdetype laga av loddrette lekter eller plankar festa til eit par vassrette spikarslag. Lektene er ofte spissa eller utskorne på toppen.
Ordet stakitt kjem via lågtysk frå italiensk og er avleidd frå stecca, 'liten stokk'.[1]
Stakittgjerde er gjerne måla, og kan ofte vera kvite. Sjølv om dei tradisjonelt er av tre, finst det no også stakittgjerde laga av materiale som PVC.[2]