Stanegate | |
![]() | |
Lengd | 61 km |
Strekning | Corstopitum Vindolanda Magnis Luguvalium |
![]() Stanegate 55°00′19″N 2°16′58″W / 55.00519°N 2.28266°W |
Stanegate (tyder 'steinveg' på northumbriansk engelsk[1]) var ein viktig romarveg som blei bygd i det som i dag er Nord-England. Han knytte saman mange festningar, mellom anna to som vakta over viktige elvekryssestader: Corstopitum (Corbridge) ved Tyne i aust, som låg på Dere Street, og Luguvalium (Carlisle) ved Eden i vest. Stanegate gjekk gjennom dei naturlege opningane danna av elvedalane til Tyne i Northumberland og Irthing i Cumbria. Han er fleire tiår eldre enn Hadrianmuren. Muren kom til å følgja ei liknande rute, litt lenger nord.
Det finst to andre romarvegar i Sør-England med liknande namn, Stane Street i Chichester og Stane Street i Colchester). I begge tilfella er tydinga den same som for den nordlege, og viser til at vegen blei lagd med steinar.
Stanegate skil seg frå dei fleste andre romarvegar ved at han ofte følgjer dei slakaste skråningane, slik at han svingar mykje. Romarvegar følgjer typisk rette linjer, sjølv om dette gjer at ein får bratte bakkar i dei.[2]
Ein stor del av Stanegate er framleis i bruk i dag som ein mindre moderne veg mellom Fourstones og Vindolanda i Northumberland.