Sulamitt er eit bibelsk ord som i uttrykk som «heile sulamitten» tyder ‘alt i hop’ eller ‘heile hurven’.
Uttrykket byggjer på eldre kristne uttydingar av Høgsongen i Det gamle testamentet. Namnet Sulammit i kap. 6,13 er då sett som eit bilete på heile den kristne kyrkjelyden, som budde seg på eit himmelsk møte med Kristus, den heilage kongen.
Også i jødisk tradisjon er dikta i Høgsongen tolka allegorisk, som songar om tilhøvet mellom Gud og folket hans. Litteraturgranskarar har hevda at denne tolkinga berga Høgsongen i den hebraiske kanon og med det gjorde han til ein del av Bibelen. Dei ser dikta i Høgsongen som kjærleikssongar som handlar om erotisk tiltrekning mellom mann og kvinne.
I bibelomsetjinga frå Det norske Bibelselskapet, 1978, er jentenammet «Sulammit» bytta ut med «Sjulam-jenta», og det er samanlikna med forteljinga om den ov-vene jenta Abisag frå Sjunem i Fyrste Kongebok 1,3. Vidare heiter det at «Sjulam» kan vere byen Sjunem (Solem) nær Jisre’el-sletta.