Taumarunui | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Manawatu-Wanganui | ||
Distrikt | Ruapehu District | ||
Folketal | 5 136 (2001) | ||
Taumarunui 38°53′00″S 175°15′42″E / 38.883333333333°S 175.26166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Taumarunui |
38°53.0′S 175°15.7′E / 38.8833°S 175.2617°E Taumarunui er ein by i King Country, sentralt på Nordøya på New Zealand, i regionen Manawatu-Wanganui. Byen er administrasjonssenter i distriktet Ruapehu District. Han ligg ved riksvegen State Highway 4 og jarnveglinja North Island Main Trunk Railway. Ved State Highway 4 sør for Taumarunui ligg dei mindre busetnadane Manunui, Piriaka, Kakahi, Owhango, Raurimu og National Park (som er ein tettstad som grensar til nasjonalparken Tongariro National Park).
Byen ligg på ei slette inne i det kuperte landskapet ved den øvre delen av Whanganui-elva, 65 km sør for Te Kuiti og 55 km vest for Turangi. Innbyggjartalet var ved folketeljinga i 2001 på 5 136, noko som gjer byen til det største senteret i vid omkrins.
Det er sagt at namnet «Taumarunui» skal koma frå dei siste orda maorihøvdingen Pehi Turoa sa på dødslægjet sitt - taumaru, som tyder 'skjerm', og nui, 'stor'; bokstaveleg omsett som 'den store skjermen', som var sett opp for å verna han mot sola. Det er også referansar til namnet Taumarunui som ein stor skjerma stad for å dyrka kumara eller søtpotet.