Undredal | |||
bygd | |||
Undredal sett frå båt på Aurlandsfjorden
Foto: Christopher Macsurak | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Postnummer | 5746 UNDREDAL | ||
Innbyggjarnamn | undredøl | ||
Preposisjon | i Undredal | ||
Ferdselsårer | Fv5626 | ||
Undredal 60°56′58″N 7°06′10″E / 60.949444444444°N 7.1027777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Undredal |
Undredal er ei bygd i Aurland kommune i Vestland og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Bygda Undredal ligg ved vestsida av Aurlandsfjorden, nedst i Undredalsdalen, omtrent midt mellom innlaupet til Nærøyfjorden og der Aurlandsfjorden svingar skarpt sørvestover til Flåm. Staden er kjend for Undredal stavkyrkje og geitosten som vert produsert på Undredal stølsysteri på stølen Melhus. Bygda hadde eigen barneskule fram til 2006, men no går ungane frå Undredal på barneskule i Flåm og ungdomsskule på Aurlandsvangen. Staden har daglegvarebutikk med post i butikk.
Undredal er òg ein grunnkrins i Aurland kommune. Ved folketeljinga i 2001 budde det 112 personar i Undredal grunnkrins.[1] Grunnkrinsen femner i tillegg til Undredal, Undredalsdalen og tilliggjande område til grensa mot Hordaland, òg nordlegaste delen av kommunen på austsida av Aurlandsfjorden.[2]