< 200-talet > var hundreåret frå 200 til 299.
Dette hundreåret hadde Romarriket ei krise som byrja med mordet på keisar Severus Alexander i 235, etterfølgd av ein periode med økonomiske vanskar, barbarinvasjonar, politisk uro, borgarkrigar og oppdelinga av riket i Det galliske riket i vest og Det palmyrske riket i aust. Keisar Aurelian vann tilbake tapet område og riket hadde ein stabil periode under Diokletian, slik at krisa var over i 284. Denne krisa markerte byrjinga på seinantikken.
I Persia blei Partharriket etterfølgd av Sassanideriket i 224, etter at Ardashir I nedkjempa og drap Artabanus V under slaget ved Hormozdgan. Sassanidane la så under seg mange av dei vestlege delane til Kushanriket. I India voks Guptariket fram mot slutten av hundreåret.
I Kina fortsette kaoset frå føre hundreår, og riket blei delt i Dei tre kongedøma Wei, Wu og Shu.