Den administrative inndelinga i Bulgaria er fastlagt i artikkel 135 i den bulgarske grunnlova frå 1991,[1] lov om lokalt sjølvstyre og lokal administrasjon frå 1991[2] og lov om territoriell administrasjon av republikken Bulgaria frå 1995.[3]
Bulgaria er delt inn i 28 provinsar (bulgarsk област, oblast) med til saman 265 kommunar (bulgarsk община, obsjtina), som igjen er delte inn i 3 177 lokale administrative einingar.[4]
Hovudstaden Sofia er ein kommune, den utan samanlikning største i landet, men er delt inn i 24 distrikt (bulgarsk район, rajon). På same måten er den nest største byen Plovdiv delt inn i 6 distrikt, medan Varna er delt i fem distrikt.[4]
- ↑ Constitution of the Republic of Bulgaria («Grunnlov for republikken Bulgaria») av 13. juli 1991
- ↑ Local government and local administration act («Lov om lokalt sjølvstyre og lokal administrasjon») av 17. september 1991
- ↑ Administrative and territorial structure of the Republic of Bulgaria act («Lov om den administrative og territorielle strukturen av Republikken Bulgaria» av 14. juli 1995
- ↑ 4,0 4,1 Administrative-territorial and territorial division of the Republic of Bulgaria as of 31 December 2019 («Administrativ-territoriell og territoriell inndeling av Republikken Bulgaria per 31 desember 2019»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet», publisert 21.05.2020)