Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.
Afroamerikanarar
Afroamerikanarar (engelsk Afro-Americans), afrikansk-amerikanarar (African Americans) eller Black Americans viser til den folkesetnaden i USA som i større eller mindre grad stammar frå afrikanske folkegrupper med mørk hudfarge.[1] Dei fleste er etterkommarar etter afrikanske slavar som vart tekne til det amerikanske kontinentet under den transatlantiske slavehandelen.[2]
«Black or African American» var den tredje største rasekategorien i USA (etter «White Americans» og «Hispanic and Latino Americans»).[3] Dei fleste afroamerikanarar stammar frå folk haldne som slavar innanfor ei noverande grensen til USA.[4][5] Vanlegvis har dei vest- eller sentralafrikansk og europeisk opphav, og nokre av dei stammar også frå amerikanske urfolk.[6] Ifølgje data frå U.S. Census Bureau identifiserer nye innvandrarar frå Afrika til USA seg som regel ikkje som afroamerikanarar, men etter den afrikanske etnisiteten sin (≈95 %).[7] Innvandarar frå nokre karibiske og latinamerikanske land og etterkomarane deira kan i nokre høve identifisera seg og i andre høve ikkje identifisera seg med omgrepet.[8]
↑Gomez, Michael A: Exchanging Our Country Marks: The Transformation of African Identities in the Colonial and Antebellum South, p. 29. Chapel Hill, NC: University of North Carolina, 1998.
↑Gates, Henry Louis Jr (2009). In Search of Our Roots: How 19 Extraordinary African Americans Reclaimed Their Past. New York: Crown Publishing. s. 20–21.