Akkar distrikt | |||
عكار | |||
distrikt | |||
Kysten av Akkar
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nord guvernement | ||
Adm. senter | Halba | ||
Koordinatar | 34°33′02″N 036°04′41″E / 34.55056°N 36.07806°E | ||
Areal | 788 km² | ||
Folketal | 198 174 | ||
Tidssone | EST (UTC+2) | ||
![]() Akkar distrikt 34°33′02″N 36°04′41″E / 34.55055556°N 36.07805556°E | |||
Wikimedia Commons: Akkar District |
Akkar (arabisk عكار) er eit distrikt (qadaa) i Nord guvernement i Libanon. Distriktet dekkjer eit areal på 788 kvadratkilometer og har oppunder 200 000 innbyggjarar. Det administrative senteret er Halba. Namnet Akkar kjem frå det assyriske ordet akkare, som tyder «bønder».
Distriktet er karakterisert av relativt store kystsletter, med høge fjell i aust. Akkar har vore styrt dei siste 400 åra av emirane og beikane frå Merheb-familien (Merheb, Merhebi, Shdid, EL Ali, Othman, Kaddour og fleire). Etter den libanesiske borgarkrigen tok bønder over landområda med hjelp av syriske soldatar under borgarkrigen. Dei største byane i Akkar er Halba, al-Bireh (tidlegare kalla «Biret el Hokem» der ein finn Merhebborga) og Kobayat (Quobayet).
Akkar har fleire arkeologiske stader med romerske og arabiske ruinar. Ein av dei mest kjende arkeologiske stadane og fødestaden til keisaren Alexander Severus, er tellen Arqa nær byen Miniara. Det er gjort fleire førhistoriske funn i Akkaråsane, som ein trur har vore i bruk av Qaraoun-kulturen i starten av den yngre steinalderrevolusjonen.[1][2]