Aleutane | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Stad | Stillehavet
|
Tal på øyar | meir enn 300 |
Store øyar | Unalaska Island
|
Lengd | 1900 km
|
Administrasjon | |
Land | USA |
Stat | Alaska |
Største busetnad | Unalaska (4283 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 8162 (2000)
|
Innfødde folk | aleutar |
Aleutane (kanskje frå tsjuktsjisk aliat, «øy») er ei øygruppe på meir enn 300 små vulkanske øyar som dannar ein øyboge nord i Stillehavet. Ho dekkjer eit areal på 17 666 km² og strekkjer seg 1900 km vestover frå Alaskahalvøya i USA mot Kamtsjatkahalvøya i Russland. Ho kryssar 180°-meridianen og utgjer den vestlegaste delen av USA (og teknisk sett òg den austlegaste). Nesten heile øygruppa høyrer til Alaska og vert rekna som «den alaskiske bushen», men heilt vest ligg dei vesle Kommandørøyane som høyrer til Russland. Øyane er med sine 57 vulkanar den nordlege delen av Eldringen i Stillehavet.