Alma mater (latin for 'nærande mor') er eit omgrep opphavleg brukt av romerske diktarar om ulike gudinner, men sidan om lag renessansen også om universitet. I dag blir det gjerne brukt om eit universitet eller annan utdanninginstitusjon nokon har gått på.[1]
Romerske diktarar brukte «alma mater» som tilnamn for fleire gudinner, som Ceres, Tellus og Venus. Etter at Roma fall blei omgrepet også brukt innan kristen liturgi om jomfru Maria, som i «Alma Redemptoris Mater» frå 1000-talet.[2]
Frå om lag 1400-talet byrja ein bruka «alma mater» om universitet på engelsk.[3] I 1600 tok trykkaren John Legate ved Cambridge University Press i bruk eit emblem av ei naken, mjølkegjevande kvinne med ei murkrone på hovudet med innskrifta «Alma Mater Cantabrigia».[4]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet dictionary
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Sollors
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet OED
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Cambridge