Alma | |||
Альма | |||
elv | |||
Alma nær minnesmerke for slaget ved Alma
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Region | Krimhalvøya | ||
Lengd | 83 km | ||
Kjelde | Krimfjella | ||
Munning | Kalamitabukta i Svartehavet | ||
Almaelva i Ukraina 44°50′45″N 33°35′34″E / 44.8458°N 33.5928°E | |||
Wikimedia Commons: Alma River |
Alma (ukrainsk og russisk Альма, krimtatarisk Alma) er ei lita elv på Krimhalvøya som munnar ut i Svartehavet. Ho munnar ut midt mellom Jevpatoria og Sevastopol. «Alma» er det krimtatariske ordet for 'eple'.
Nær Alma slo dei allierte britiske, franske og osmanske styrkane russarane under prins Aleksandr Sergejevitsj Mensjikov den 20. september 1854 i slaget ved Alma under Krimkrigen.