Andromedagalaksen (katalogisert M31 og NGC 224, òg kalla Andromedatåka) er den næraste spiralgalaksen til Mjølkevegen. Han ligg i omtrent 2,5 millionar lysår unna i stjernebiletet Andromeda og er det fjernaste objektet[1] og den einaste galaksen[2] som kan sjåast med det blotte auga.
Galaksen er omtrent 260 000 lysår på tvers og inneheld omtrent éin billion stjerner; til samanliking er Mjølkevegen 100 000 lysår på tvers og inneheld eit par hundre milliardar stjerner.[3]
Han var oppført i stjernekatalogen til Al-Sufi på 900-talet, og vart observert med teleskop første gong av den tyske astronomen Simon Marius i 1612. Spiralstrukturen vart påvist av den britiske amatørastronomen I. Roberts i 1888. Avstanden, som nå blir rekna til 0,7 mill. parsec (2,2 millionar lysår), vart først avgjort av Edwin Hubble i 1924 ut frå kefeidar i spiralarmane.
Andromedagalaksen har fem elliptiske dverggalaksar som satellittar.
Ein reknar med at Andromedagalaksen vil kollidera med Mjølkevegen om nokre milliardar av år.[4]