Anna McGarrigle | |||
![]() | |||
Fødd | 4. desember 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Montreal i Quebec i Canada | ||
Aktiv | Sidan 1970 | ||
Sjanger | Folk | ||
Instrument | |||
Tilknytte artistar | *Kate & Anna McGarrigle | ||
Verka som | Musikar, songar, låtskrivar | ||
Mor | Gabrielle Latrémouille | ||
Far | Frank McGarrigle | ||
Gift med | Dane Lanken | ||
Prisar | medlem av Order of Canada, compagnon av Ordre des arts et des lettres du Québec |
Anna McGarrigle (fødd 4. desember 1944) er ein kanadisk visesongar og låtskrivar, som spelte mykje i lag med systera Kate McGarrigle, som døydde i 2010.[1][2]
I 1960-åra etablerte dei to systrene seg i visemiljøet i Montreal, medan dei framleis gjekk på skulen.[3] Frå 1963 til 1967 slo dei seg saman med Jack Nissenson og Peter Weldon og skipa visegruppa Mountain City Four.[3] Systrene skreiv, spelte inn og framførte musikk dei neste 30-40 åra, i lag med ei rekkje andre artistar, som Chaim Tannenbaum og Joel Zifkin.[3]
McGarrigle var òg låtskrivar. Songen hennar «Heart Like a Wheel» var tittelsporet på Linda Ronstadt-albumet frå 1974, og songen hennar «Cool River» vart spelt inn av Maria Muldaur.[4]
I 2016 skreiv Anna og den eldre systera Jane ei bok i lag, Mountain City Girls.[5]