Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Aragonitt

Aragonitt

Aragonitt frå Salsignes-gruva i Aude department i Frankrike. Storleik: 30x30x20 cm
Generelt
KategoriKarbonatmineral
Kjemisk formelCaCO3
Strunz-klassifisering05.AB.15
KrystallsymmetriOrtorombisk (2/m 2/m 2/m) - dipyramideforma
Einingscellea = 4,95 Å, b = 7,96 Å, c = 5,74 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeKvit, raud, gul, oransje, grøn, lilla, grå, blå og brun
Krystallformpseudoheksagonale, prismatiske krystallar, nåleforma, skiveforma, kuleforma, reniform, pisolittisk, korallisk, stalaktisk, internt lagdelt
KrystallsystemOrtorombisk
TvillingFleirsyntetisk parallel til {100} syklisk på {110}
Kløyvtydeleg på {010}, uperfekt {110} og {011}
BrotUndermuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3,5-4
Glansglasaktig, harpiksaktig på brotflater
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt2,95
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1,529 - 1,530 nβ = 1,680 - 1,682 nγ = 1,685 - 1,686
Dobbeltbrytingδ = 0,156
2V-vinkel18°
OppløyselegheitUtspeidd syre
Andre eigenskaparFluoresererns: bleik rosa, gul, kvit eller blåaktig; fosforescens: grønaktig eller kvit (LW UV); gulaktig (SW UV)
Kjelder[1][2][3]

Aragonitt (av Aragón og -itt) er eit fargelaust, kvitt eller svakt farga mineral som mellom anna finst i leier saman med gips, i vulkanske område saman med svovel og som avsetning frå varme kjelder, og dessutan i oksidasjonssonen i malmførekomstar. I norske bergartar er aragonitt særs sjeldan. Det opptrer som bestanddel i skalet hos mange sjødyr som korallar, blekksprutar, i mange muslingar og sniglar, i perler og dessutan i nokre kalkalgar.

Aragonitt er eit kalsiumkarbonat, CaCO3, som er polymorft og kan opptre i tre modifikasjonar: aragonitt, kalsitt og vateritt. Med tida vil aragonitt gå over i kalsitt som er den stabile og difor minst løyselege forma. Følgjande mineral er isomorfe med aragonitt: strontianitt SrCO3; witheritt BaCO3; cerussitt PbCO3. Dei krystalliserer alle rombisk, men krystallane er ofte pseudoheksagonale på grunn av tvillingdanning.

  1. Mindat.org
  2. Handbook of Mineralogy
  3. Webmineral data

Previous Page Next Page






Aragoniet AF Aragonito AN أراجونيت Arabic Araqonit AZ Араганіт BE Араганіт BE-X-OLD Арагонит Bulgarian Aragonit BS Aragonita Catalan Aragonit Czech

Responsive image

Responsive image