Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Arameisk skrift

Trespråkleg vegskilt ved Eradina i Irak med tekst på arameisk, kurdisk og arabisk (dei to sistnemnde med arabisk skrift).

Arameisk skrift er eit alfabet utvilka frå det fønikiske, kjennbart som ei eiga skrift frå rundt 700-talet f.Kr. Arameisk er eit historisk særs viktig alfabet, ettersom det er utgangspunkt for nesten alle moderne skriftsystem frå Midtausten og mange frå Sentral- og Aust-Asia. Alfabetet er bygd opp av konsonantar, men nokre av desse kan også stå for lange vokalar (mater lectionis).

Arameisk skrift blei utbreidd både fordi arameisk var utbreidd som lingua franca i store delar av Midtausten og fordi det var offisielt språk i Det nyassyriske riket og det påfølgjande Akamenideriket. Av moderne skriftsystem er det hebraiske alfabetet likast den offisielle arameiske skrifta frå 400-talet f.Kr. Både utvalet av bokstavar og utforminga deira er svært like.


Previous Page Next Page